Lokalnytt

Opningsfest for nyrenovert skule

Alle elevar ved Sunnylven skule inntok scena og sang vakkert ein eigen versjon av visa Mjelle.

Nest siste skuledagen dette året var det juleavslutning og opningsfest av nyrenoverte Sunnylven skule. Skulen har vore i bruk det siste året, men markering av det nye læringsbygget har blitt utsett av ulike årsaker.

Sunnylven skule har blitt eit flott læringsbygg, truleg det beste i Stranda kommune. Her er alt nytt etter at bygget frå 1973 vart strippa heilt inn til berre eit betongskal stod igjen. No står Sunnylven skule i tipp topp stand etter at eigaren Stranda kommune vedtok renoveringa til rundt 60 mill. kroner.

Rektor Liv Norunn Langeland ønska vel møtt til Juleavslutning og opingsfest på nest siste skuledag dette året. Ho var kjempeglad på vegne av alle elevane og dei tilsette for at det no hadde blitt ein fullt ut renovert skule. Det hadde blitt eit både godt og tenleg læringsbygg, tykte ho.
Langeland overlet jobben som programvert til elevar frå fleire klassetrinn, fyrst ut var to frå småskulen.
Dei fortalde at Sunnylven hadde fleire skular rundt om i eldre tid, men så vart det bestemt å bygge ein felles skule og den kom i Hellesylt sentrum i 1973.

Etter rundt 40 år var bygget mode for renovering, men vanskeleg kommunal økonomi gjorde at arbeidet drog ut, heilt til april 2020. Då gjorde kommunestyret vedtak om å starte arbeidet.

I attersynet om Sunnylven skule si historie fekk dei frammøtte høyre om utviklinga opp gjennom åra med skulefritidsordning, og tiltak på uteområdet med ballbinge, volleyballbane, paviljong og meir.
No pågår ein større økonomisk dugnad for å skaffe pengar til ei klatrepyramide til rundt 600.000.- kroner.

Frå leiinga ved skulen, byggherre, arkitekt og ikkje minst Stranda kommune kom det helsingar under opningsfesten, og det vart overrekt gåvesjekkar.

Fyrst ut var fungerande rådmann Tone Lillebø til å gratulere elevar, lærarar og bygda med ein fantastisk flott skule. Fyrst vart det gjort avbøtande tiltak med bygget, men det måtte ei totalrenovering til, sa ho.
Ho var elles imponert over folket i Sunnylven som mobiliserer i lag når dei vil ha gjennom noko. Skulen skulle vere på Hellesylt, og slik vart det, sa ho.

Einar Lied var Stranda kommune sin byggeleiar under renovering av Sunnylven skule.

Kommunalsjef Einar Lied hadde vore byggeleiar under renoveringa, og han fortalde om saksgangen fram til vedtaket i kommunstyret april 2020.
Det lokale byggfirmaet HT Bygg Hellesylt vart valt til å utføre arbeidet, i samarbeid med arkitekt Gitte Langlo i ART Arkitekter.
Einar Lied fortalde at det vart mange byggemøte, for det dukka stadig opp problem å løyse. Det var såleis flott å ha eit lokalt byggefirma til jobben, for dei strekte seg ofte langt for å få til det beste., sa Lied som også gav ros til underentreprenørar I installasjon, sanitær, måling o.l. som saman med HT Bygg hadde utført eit godt arbeid.

Som rektor ved Sunnylven skule møtte Roar Seljeset mange «humpar» før renovering av bygget var eit faktum.

Roar Seljeset har i år ny jobb i Hornindal, men var med og kjempa fram rehabilitering.
-Det var ikkje sjølvsagt å få til, men politikarane vedtok det til slutt, så tusen takk, sa han.
Seljeset tok fram Einar Lied som gjorde ein kjempejobb, og også han var glad for at HT Bygg fekk oppdraget. Det var mange humpar i vegen, men det vart eit veldig bra resultat, og han gav ros til arkitekt Gitte Langlo. Ho hadde vore lyttande og tok tak i dei ønske vi hadde, sa han.

Også dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt, Tarjei Korsbrekke gratulerte så mykje med nyeskulen på Hellesylt. Sjølv om det vart renovert ut frå det gamle betongskalet vart det utfordringar og nye ting i konstruksjonen. Ny takkonstruksjon, trafo ut og innebygd garderobe, ny inngang til småskulen, og meir, sa han og la til;
-Det er skummelt å seie det, men eg gjer det likevel. Kommunen fekk meir med oss enn dei ville fått med ein annan entreprenør.
Tarjei Korsbrekke takka mange, også reinhaldarane som hjelpte mykje under vegs til ferdigstilling av skulen.
Så hadde Korsbrekke ei oppmoding til elevane som etter kvart skal ut i arbeidslivet.
-Lokale bedrifter satsar på Hellesylt, men det er mangel på arbeidskraft. Om De reiser vekk frå Hellesylt så skal De huske at Hellesylt er ein god plass å flytte tilbake til.

Arkitekt Gitte Langlo frå ART Arkitekter og Ingeniører hadde fått vere med på eit utruleg spanande prosjekt, tykte ho. Ho hadde gått der å vandra og gjort seg kjent i stort sett kvar ein krok. At trafoen vart flytta ut til fordel for garderober for elevane var ho glad for.

Ordførar Jan Ove Tryggestad hadde med gåve frå kommunen, eit bilde som elevar frå skulen hadde vore med å måla, og som han overrekte til skulen ved rektor Liv Norunn Langeland. Til venstre Tarjei Korsbrekke, Gitte Langlo, Tone Lillebø bak biletet, og Einar Lied lengst til høgre.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad mintes då han i 1973 kom inn i nyeskulen den gong, det var stort. No fekk elevane oppleve det same, noko han var glad for.

Ordføraren kom inn på Verdsarvstatusen som området fekk mykje på grunn av biologien i området.
Tidlegare i haust var elevar frå fleire skular i Geiranger der dei lærte om geologi og naturen si utforming i opphavet. Der fekk elevane vere med på å måle eit bilde og kunstnar Hanne Hovli hadde gjort ferdig bildet som elevar frå Sunnylven skule starta på. Bildet hadde ordføraren med som gåve frå kommunen til Sunnylven skule.

Tryggestad var nøgd og tydeleg stolt over det flotte læringsbygget som området Sunnylven no hadde fått, og avslutningsvis gjorde han det heilt klart;
-For meg blir det aldri aktuelt å legge ned skulen på Hellesylt, det skjer ikkje, sa ein litt bevega ordførar og la til; -Kampen er ikkje gjort, men vi skal stå på.

Kjem med meir.
hellesylt.info kjem med meir frå opningsfesten og juleavslutninga ved Sunnylven skule.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380