LokalnyttLokalsport

Resultat frå skiskyting og langrenn

Elias Helset representerer Sunnylven IL / Stryn vgs. og starta skiskyttarsesongen med gode plasseringar på Lygna.

Lokale utøvarar i skiskyting og langrenn har delteke på nasjonalt nivå i helga. På Lygna var det skiskyting og i løypene på Sjusjøen var det langrenn.

På Lygna skisenter sør for Raufoss var det Asko Cup i skiskyting i helga. Her deltok Elias Helset i G18 og representerer Sunnylven IL / Stryn vgs.

Det vart 20. plass til Elias på normaldistansen laurdag. Han var nok ikkje av dei heldige på standplass denne gongen med totalt åtte bom av 20 skot.
Vinnar av rennet i G18 vart Martin Jørstad Ringli, Øystre Slidre IL / NTG-G som hadde 16 treff.
Elias Helset var nest beste løpar frå Stryn vgs. 32 sek. og to plassar bak Erik Stensaker Tvinnerein, Hardbagg IL. Det deltok 34 løparar på normaldistansen.

Søndag var det sprint med to skytingar. Av 26 deltakarar vart det 17. plass på Elias Helset, og etter 4+1 på standplass.
Konkurransane på Lygna vart ein bra start på sesongen mot skarpskodde 18-åringar frå heile landet.

Langrenn på Sjusjøen

Under Natrudstilrennet på Sjusjøen deltok Kristine Hjellbakk Hole, Lillehammer skiklubb på 10 km. fristil laurdag. Av 23 i damer senior vart Kristine nr. 14 på tida 32.13.

Kristine Hjellbakk Hole deltok i langrenn 10 km. fristil på Sjusjøen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380