14. desember 2025

Sel fyrverkeri og faklar på Hellesylt

Salg og Utleiebuda på Hellesylt har sal av både fyrverkeri og faklar på Hellesylt frå torsdag 29. desember, opplyser Ramazan Øcal til hellesylt.info.

I tre dagar mellom jul og nyttår har Øcal sal av nyttårs-fyrverkeri i gata mellom Joker og Coop på Hellesylt.
-Også i år blir det fargerike «bomber» både med og utan lyd å få kjøpt.
Vi har det meste av festfyrverkeri, frå 10.- kroner og opp til 2.000.- kroner for dei aller største batteria, fortel Ramazan.

Faklar til nyttårsaftan

Om vertilhøva tillet det blir det fakkeltog frå Sunnylven samfunnshus om omsorgssenteret til kyrkja nyttårsaftan.
-Vi sel også faklar i år om nokon treng det til fakkeltoget nyttårsaftan, seier Øcal

Salet startar onsdag 29. desember med dagleg ope mellom 10.30 – 18.00 heilt fram til nyttårsaftan 31. desember klokka 16.30, eller så langt lageret rekk.
Besøk oss for ein «lysande og fargerik» handel, seier Ramazan Øcal.

Fakkeltog på Hellesylt nyttårsaftan 2018.

.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →