Lokalnytt

Show og dans på Hellesylt

Kjell «Kjellen» Bigset kjem tilbake til HUL-scena 4 juledag, der han hadde stor suksess også i 2019.

Hellesylt ungdomslag har sikra seg god underhaldning og god dansemusikk til arrangementet på Sunnylven samfunnshus fjerde juledag. Dit kjem moromannen Thomas Ryste og etterpå spelar KATES til dans.

Det blir ikkje skodespel med HUL-teatret i jula, men Hellesylt ungdomslag kan likevel by på både show og dans 4. juledag. På scena i Sunnylven samfunnshus blir det gjensyn med Hovdebygda sin store moromann Thomas Ryste, eller meir kjend som Kjell «Kjellen» Bigset i «Klypa», fortel leiar i HUL, Marianne Fivelstad.

Thomas Ryste har mora publikum på Hellesylt ei jul tidlegare. I 2019 kom 200 personar til underhaldning på samfunnshuset, til ein time tettpakka med greinalause historier og avslutningsvis ein  «spreke» song. Det var suksess til jubel og applaus for mannen frå flyplassbygda og nabokommuna Ørsta.

Onsdag 28. desember er Thomas Ryste tilbake på scena på Hellesylt. Truleg får publikum også denne gongen oppdatering på ein del av dei siste hendingane på kloden, og på ein måte som ikkje mediaformidling brukar å fortelje dei på.

Marianne Fivelstad opplyser at etter showet 4. juledag blir det dans med musikk av gruppa KATES.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380