Lokalnytt

Siste dag for sparebank på Hellesylt.

Frå nyttår blir alle banktenester ved avdelingskontoret til Sparebanken Møre på Hellesylt flytta til Stranda.

I Sparebanken Møre sitt avdelingskontor på Hellesylt vart det fredag 30. desember spandert kaffi og marsipankake på kundar som var innom. Frå nyttår er avdelingskontoret lagt ned.

Autorisert finansiell rådgjevar i Sparebanken Møre, Rita Rudning Røyrhus var åleine på jobb siste dag i lokala på Hellesylt. Ho startar det nye året med å køyre til Stranda på jobb der ho får sitt eige kontor i Sparebanken Møre sine lokale, slik dei andre seks tilsette har.

-Eg forstår dei som gjev uttrykk for at dei vil sakne sparebanken på Hellesylt. Det blir sjølvsagt litt rart for alle som har kome innom for hjelp frå oss i banken. Men vi skal yte god hjelp også vidare, både om dei kjem til personleg frammøte på Stranda, eller dei tek kontakt på telefon, seier Rita.

Historia til sparebanken i Sunnylven

I følgje Bygdebok for Sunnylven og Geiranger vart Sundelvens Sogns Sparebank skipa i 1865.
I 1975 gjekk Sunnylven Sparebank som namnet var då, saman med Ålesund Sparebank, og ti år seinare fusjonerte så Ålesund Sparebank og avdeling Sunnylven Sparebank med 20 andre sparebankar til Sparebanken Møre.

For avdelinga på Hellesylt, som flytta inn i nytt bygg i 1976 vart fredag 30. desember 2022 den siste bankdagen.

Rita Rudning Røyrhus baud på marsipankake og kaffi på siste dag i sparebanken på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380