Sunnmøre Live med nye opptak i serien «Gardane langs Storfjorden».
Storfjordens Venner har i samarbeid med Sunnmøre Live fått produsert ein ny serie (sesong 3) opptak av den populære serien «Gardane langs Storfjorden».
Vi har erfart at videoane har skapt stor interesse blant publikum og at mange ønskjer å oppsøkje gardane etter at dei har sett opptaka. Indirekte fremjar dette tiltaket friluftslivet meir enn mykje anna, skriv leiar i Storfjordens Venner Inge Bjørdal i ei melding til hellesylt.info, og legg til;
-Det at dei får med seg store natur- og gode kulturopplevingar SAMSTUNDES med at dei utøvar friluftsliv gjer at svært mange får lyst til å ta desse stadane i augesyn. I tillegg til å vise korleis ein kjem seg til desse stadane, gir programma sjåarane informasjon om korleis folka på desse gardane levde, noko som fører til at dei som legg turen til stadane vi omtalar, oppnår noko langt meir enn ei uforgløymeleg naturoppleving i ein dramatisk og spektakulær natur
Alternativ 1:
Du kan gå inn å sjå tidlegare og nye opptaka når som helst på denne lenka:
https://slive.no/category/program/serier/storfjordens-venner
Alternativ 2:
Du kan gå inn å sjå tidlegare og nye opptaka når som helst på heimesida til Sunnmøre Live: slive.no, og gå til fana Program / Serier / Gardane langs Storfjorden
-Storfjordens Venner takkar dei som har støtta opptak av program i 2022, Sparebanken Møre, Møre og Romsdal fylkeskommune og Olav Thons legat.
Vi planlegg nye opptak i 2023 dersom vi klarar å finansiere dei. Opptaka er nemleg blitt svært populære, ikkje berre her i området, man dei er etterspurde av TV-stasjonar nær sagt frå heile landet. Det tynnest i rekkene av dei som voks opp på desse gardane og som kan fungere som ‘tidsvitne’. Det er difor viktig å få gjort fleire opptak før desse er borte.
Dette er sjeldan god dokumentasjon og unik på natur- og kulturhistorie frå fjordgardane, seier leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal.