Sunnylven skule inviterer til opningsfest
Etter ei totalrenovering vart Sunnylven skule teken i bruk frå fyrste skuledag i 2022. Opningsfesten har blitt utsett, mellom anna på grunn av koronapandemi, men 20 desember blir skulen open for publikum.
-Elevar og tilsette ved Sunnylven skule har gleda av å endeleg invitere til opningsfest av den nyrenoverte skulen vår. Det står å lese i ein e-post frå skulen.
Dei har bestemt at tysdag 20. desember skal dørene opnast for alle som har lyst å kome, gå rundt og sjå kor fint det har blitt. Elevar og lærarar er til stades for å vise fram skulen, og for å orientere og slå av ein prat.
Det er sett opp ein «timeplan» for omvisinga som startar etter skuletid tysdag 20. desember.
Klokka 15.00 er det matøkt for elevane.
15.30 er heile skulen open for innsteg av publikum, og ein time seinare, klokka 16.30 blir det programinnslag frå scena i samfunnshussalen
Klokka 17.30 blir det så servert kaffi og kaker.
Ta ein pause frå julestria tysdag 20. desember og sjå innom det flotte læringsbygget bygda har fått.