Sunnylvingen 3. desember 1982

I Sunnylvingen frå 3. desember 1982 kunne ein mellom anna lese at Kjell Runde vart valgt til ny formann i Sunnylven idrottslag og Fredrik Helset vart attvald som formann i bondelaget. Stranda sogelag vart skipa og Knut Frøysa hadde ein større artikkel om dei namngjetne spelemannsbrørne på Kjellstad.