Lokalnytt

Topptrimma aktørar til julekonsert i Sunnylven

Sunnylven skulekorpa er mellom aktørane under julekonserten søndag 18. desember. Her frå konserten i 2020.

I fjor måtte ein lang og god tradisjon, julekonsert i Sunnylven kyrkje gå ut grunna koronapandemien, men no er lokale aktørar klare med konsert og vakre juletonar søndag 18.desember.

Vi forstår at det meste er klart til julas song -og musikkoppleving, julekonserten i Sunnylven kyrkje som har blitt ei «julegåve» mange brukar å møte fram for å få med seg.

Organist i Sunnylven kyrkje, Gunnar Inge Eide er med å organiserer nok ein julekonsert i Sunnylven. Han fortel om eit variert, men tradisjonelt opplegg for konserten som i år startar klokka 19.30.

Gunnar Inge Eide fortel om mange innslag med kjente aktørar, men med mykje nytt på repertoaret.
-På søndag får publikum høyre eit topptrimma og litt forsterka Sunnylven skulekorps under leiing av Trond Otto Berg, og Koret med dirigent Kristin Storstein stiller minst like sterkt som tidlegare med fleire julesongar, folketonar og med solistinnslag.
Det blir innslag av grupper eldre elevar frå Kulturskulen under leiing av Erik Torset, og det blir gjennhøyr med felejentene og Tonje og Synnøve, fortel Eide.

-Vi må også trimme julesongane litt så det blir allsong, og kanskje kjem det nokre overraskingar, seier Gunnar Inge Eide. Han er sjølve ein dyktig organist i Sunnylven kyrkje, på eit instrument som han talar vel om.

Julekonserten i Sunnylven kyrkje søndag 18. desember 2022 blir som tradisjonen tru avslutta med allsong i Deilig er jorden. Og merk tidspunktet for konserten som i år er klokka 19.30.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380