Lokalnytt

Variert og vakkert frå juleverkstad

Vi samla fire elevar med sine adventskransar. Frå venstre Sofie, Willian, Siril og Erle.

I desember, og i god tid før jul var det juleverkstad på Sunnylven skule. Ved i alt seks «postar» fann vi elevar i arbeid med ting som minte oss sterkt om at snart er det jul igjen.

Sunnylven skule har lærarar som fostrar fram flinke elevar, det fekk vi stadfesta under vårt årlege julebesøk på dagen då dei lagar stasleg julepynt. Besøket fortalde oss om iderike og kreative elevar over alt i den flotte skulen.
I begge høgdene i skulen var aktiviteten stor på i alt seks postar. Ei gruppe lærarar, Carolin, Inger Marie og Janne hadde planlagt dagen med juleverkstad der elevane kunne velge mellom i alt seks aktivietar. Vala stod mellom krans, baking, marsipan, pinnejuletre, juleteskjorte, eller julepynt. Dei vel 60 elevar som var på skulen denne dagen kunne velge seg to av dei.

På skulekjøkkenet vart det baka julekake

Vi kom til andre økta etter at elevar og lærarar hadde fått seg servert brødskive med sunt og næringsrett pålegg, 20 liter kakao og fri tilgang på eit variert fruktfat, alt tillaga og spandert av Sunnylven sanitetslag.

Alle elevar hadde gjort unna fyrstevalet, og no vart det full fart for å få ferdig det neste.

På vår besøksrunde vart vi hyggeleg motteke av Carolin. Vi gjekk etter lyden av julemusikk og hamna på kjøkkenet der det vart baka fleire sortar julekaker.

Teodor og Aline viser fram eitt av juletrea av orepinnar

På snikkarrommet fekk vi sjå at det går ann å lage juletre av vanlege orepinnar, og på neste post var det produksjon av marsipan, kverna i hop av nøtter, melis og eggekvite. Diverre hadde dei ikkje smaksprøve å by på.
Andre stader vart det laga julepynt, julete-skjorter og store fine adventskransar.

Vi trur årets juleverkstad ved Sunnylven skule vart ein vellukka dag på alle måtar etter eit godt og tradisjonelt opplegg.

Henrik t.v. og Ari i sine nye, sjøllaga julete-skjorter.
Og her blir julemarsipanen til.
Fire av damene frå sanitetslaget som sytte for mat til «nissemor» og «nissefar» under juleverkstaden, frå venstre Inghild Storstein, Ruth Tronstad, Solbjørg Alme og Laila Røyrhus. Også Gerd Helset hjelpte, men var ikkje til stades då fotografen kom.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380