Lokalnytt

Arrangerer informasjonsmøte

Torsdag 26. januar inviterer Stranda kommune til møte om næringsforum i kommunen. Møtet blir halde i Storfjord kulturhus der fleire vil informere om etablering og næringsforum i Stranda.

Etter velkomst frå næringssjef Inge Bjørdal orienterer fabrikksjef ved Orkla, Svein Urke om utvikling av industrien i Stranda, og Arve Mogstad og Hanne Merethe Siem kjem med synspunkt på aktivitet i Stranda sentrum.
Det blir innlegg frå Marcus Brevik i Rauma kommune, og Stig Tryggestad ved Sparebanken Møre snakkar om korleis banken kan bidra til nyetablering.

Møtet er ope for alle!

Program for torsdag 26. januar.

1230-1240 Velkomst og kort orientering om bakgrunnen for tiltaket

v/næringssjef Inge Bjørdal

1240-1310 Utvikling av industrien i Stranda
v/ Svein Urke, fabrikksjef Orkla, avd. Stranda

1310-1340 Aktivitet i sentrum!
v/ Arve Mogstad, leiar, Stranda handelsforeining og Hanne Merethe Siem – leiar,
Stranda sentrumsforeining

1340-1355 Servering og beinstrekk

1355-1435 Erfaringsdeling med Rauma kommune

v/Marcus Brevik – styreleiar i Nordveggen og Rauma Næringslag

1435-1445 Korleis ønskjer SBM bidra til nyetableringa

v/Stig Tryggestad – ass. banksjef næringsliv, Sparebanken Møre

1445-1500 Pause med frukt

1500-1545 Oppsummering, konklusjonar og vegen vidare (mål, ansvarspersonar, roller, m.m.) – dialog

v/Stranda kommune og innleiarar)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380