Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag.

Utsikt frå vegen over Ljøbrekka mot Sunnylvsfjorden.

Sunnylven Pensjonistlag held årsmøte på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag 15 februar klokka 15.00. I tillegg til årsmøtesaker blir det servering og det blir fleire innslag både verbalt og musikalsk.

Etter ein periode med opphald av samkomer blir det årsmøtet i Sunnylven pensjonistlag på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag 15. februar. Her blir det vanlege årsmøtesaker med årsmelding, rekneskap og val, men også andre innslag av interesse for mange. Erling Ljøen, pensjonert sjåfør og bonde har engasjert seg mykje i opprustinga av vegen over Ljøbrekka, og som brukar her er han godt kjent i dette området. På årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag tek han med festlyden på ei vandring etter vegen, truleg heilt over Ljøbrekka til Herdal på andre sida. Det kan bli mange lystige historier å høyre frå livet her opp gjennom åra, vil vi tru.

Under årsmøtet blir det også musikalske innslag. Det syter Knut Hanssen på gitar og Oddvar Gausdal på trekkspel for.
På årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag er det alltid rikeleg og god servering. Denne gongen lovar leiinga pølse, potetstappe, kaffi og sjokolade. Også det noko å få med seg.
Hugs å ta med pengar så du kan delta i tombolatrekninga under årsmøtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380