Lokalnytt

Deltok på skiskyting i Trøndelag

Elias Helset leverte gode løp i Trøndelag, spesielt på søndag avslutta han flott.

Nordfjord Team Tussa og Stryn vgs stilte med i alt 17 løparar under Asko cup på Stiklestad i helga. Mellom deltakarane var Elias Helset (18) frå Sunnylven IL/Stryn vgs.

Det vart to dagar med konkurranse for 18-åringen Elias Helset under Norgescup på Stiklestad i helga. Han representerer Stryn vgs.
På distansen fyrste dag på laurdag opna det lovande med treff på alle skot under fyrste skyting. Andre gjekk også bra med berre to bom, men så vart det heile fire bom på den tredje skytinga. Og når det var to nye på siste skyting så enda det med  5. 48.2 bak vinnaren og 31. plass . Vinnar av løpet vart Kasper Ågheim Kalkenberg frå Skanseng UL/ Team Polarsirkelen ski.

På søndag før heimreis var det nytt løp. Det gjekk betre med 20 . plass på resultatlista til slutt. Av to skytingar vart det 3 bom på fyrste, og fullt hus på siste skyting.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380