Lokalnytt

Gjekk inn til 35. plass i NM

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL som no representerer Lillehammer skiklubb, kom på 35 plass i NM sprint på Gjøvik i dag torsdag 19. januar.

Det vart 2.3 sekund frå kvartfinaler for Kristine Hjellbakk Hole i NM-starten på Gjøvik torsdag. Med startnummer 55 i sprint kom ho i mål il ein 35. plass. Det vart diverre litt for seint til å ta seg vidare til semifinale og mellom dei 30 beste til nye sprintløp under NM.

Truleg var resultatet litt skuffande for den gode langrennsjenta, men konkurransen er hard mellom norges beste sprintarar i kvinneklassa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380