Kulturpris til Carolin og Gunnar Inge Eide.

Fjord kommune sin kulturpris for 2022 er tildelt Carolin Eide og Gunnar Inge Eide. Det står å lese på nettstaden storfjordnett.no.
Ekteparet Carolin og Gunnar Inge Eide er begge godt kjente både i Stranda og i Norddal/Stordal kommune som musikarar.
Innsatsen som dei to legg ned er ekstra stor, både for unge og eldre i dei to kommunane.
Gunnar Inge Eide er i tillegg til lærar i Stranda kulturskule også organist i Sunnylven kyrkje, og i tillegg til dei faste jobbane er begge aktive i dei lokale miljøa under tilstelningar i bygdelaga. I Geiranger som ligg nær heimstaden til dei to i Eidsdal har Jårångskoret fått god hjelp av Gunnar Inge Eide som dirigent. Der er han også ein aktiv kar under Festspela i Geiranger, eit godt arrangement som på få år har utvikla seg godt.