Moro med skøytedag
På Helsetvatnet var det trygge forhold og god skøyteis nest siste søndag i januar. Fleire tok turen til vatnet og testa ut forholda på både korte og lange skøyter.
Mange medlemer frå 4H-klubben Fjellrosa var å sjå på isen på Helsetvatnet sist søndag. Dit kom også fleire andre for å prøve isskøytene på det glatte underlaget. For Helsetvatnet er no godt tilfrose med trygg is, kanskje rundt 20 cm. så der er forhold for skøyteløp over alt.
Det vart spela både ishokey og gått bra fort på skøyter av meir enn 20 unge og eldre på isen søndag. Om forholda vil vare er meir usikkert, for no er det meldt både midare ver og vind dei neste dagane.
Så då spørst det om dei gode skøyteforholda snart blir slutt om få dagar for denne gongen.