Lokalnytt

Nesten medalje i NM-stafett

Stafettlaget frå Lillehammer skiklubb som tok 4. plassen i NM: I midten står Kristine Hjellbakk Hole, Ida Ramstad heilt til venstre, og Thea Sørum.

Kristine Hjellbakk Hole gjekk siste etappe for Lillehammer skiklubb under NM-stafetten på Gjøvik søndag. Det vart plassen bak medaljene for laget frå OL-byen.

Kjelsås IL vann NM-stafetten over 3 gange 5 km  på Gjøvik søndag. På dei neste plassane som sikra medaljer kom Konnerud IL og Tromsø skiklubb.
Mellom Lillehammer skiklubb og Strindheim IL vart det kniving heilt inn på målstreken. Der avgjorde Kristine Hjellbakk Hole, som no går for Lillehammer skiklubb den rivande duellen med 0.7 sekund.
Hole gjekk ei god siste-etappe for Lillehammer, og heldt unna for Berit Mogstad frå Strindheim IL. Dermed ein flott 4.-plass for sunnylvsjenta i NM-stafetten som vart den beste plasseringa for Kristine denne gongen.

Resultat:
Kjelsås IL 46.17.2, Konnerud IL 46.22.8, Tromsø skiklubb 46.46.1,
Lillehammer skiklubb 47.11.5, Strindheim IL 47.12.2, Gjøvik skiklubb 47.38.1

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380