Nominert til pris
Reiselivsselskapet Bonseye frå Hellesylt er mellom fem kandidatar til prisen Grand Travel Awards. -Det er ærefullt å bli nominert, for andre året på rad, seier Bente Bonsaksen, dagleg leiar i Bonseye.
Reiselivsselskapet Bonseye har utvida drifta mykje dei siste åra. Det har blitt ein gigant i destinasjon og oppleving i indre strøk av Storfjorden på Sunnmøre.
Selskapet starta med ein rib-båtar i 2015, men har med åra utvida. Til sommaren driftar Bonseye sju rib-båtar på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger, fortel Bente Bonsaksen.
-Vi reknar historia si utvikling og etterleving som viktig. Når vi fortel personlege hendingar, både om slekt og anna kring folket på fjellgardane, då blir det fengslande for passasjerane å få det, like mykje som naturen og det å vere på sjøen.
Og vi har ei spanande historie å formidle, så sjølv om passasjerane får fine turopplevingar trur eg dei kjem til å hugse gudinga og hstoriene like godt.
Også Storfjordens Venner og eigarane har utført eit formidabelt arbeid for bevaring av bygningane langs fjorden. Desse flotte gardane i bratte fjellsider er, saman med forteljingane om folket som budde her slik dei kjem fram i boka til Sakarias Ansok, ei rein skattekiste for oss som formiddlar opplevelsar.
Eg trur dette er hovudgrunnen til å bli nominert som årets opplevelsesarrangør, Grand Travel Awards. Og så har vi garden vår på Øvre Ljøen der vi tek imot cruisepassasjerar frå skipa som ligg på Hellesylt. Her får dei kome tett på oss som bur her og i tillegg få ein smakebit av Stranda gjennom ost og sider frå Skarbø gard.
Vi føler oss priviligerte sjølve som får drive med ein triveleg jobb, seier Bente Bonsaksen og legg til; Eg var med i HUL-teatret for nokre år sidan, no får eg vere litt skodespelar på ribturane langs fjorden-.
Endeleg avgjerd om kven som får prisen denne gongen blir avgjort 12. januar.