Nytt godt NM-løp av Kristine
Arkivfoto Kristine Hjellbakk Hole
Kristine Hjellbak Hole deltok i 10 km. fristil i NM på ski på Gjøvik i dag 20 januar. Ho kom i mål til ein flott 44. plass av kring 80 startande.
Kristine Hjellbakk Hole er frå Sunnylven, men representerer no Lillehammer skiklubb. Under 10 km . fristil på Gjøvik hadde ho strtnummer 39, midt i flokken av gode løparar.
Det vart eit godt løp for Kristine som kom i mål til sterke 44. plass av knappe 80 startande. Sluttida vart 29.38.7, som var 3.28.2 etter vinnaren Lotta Udnes Weng. Ho vann føre Ragnhild Gloersen Haga som nummer to, og Marie Helene Fossesholm på bronseplass.
På dei neste plassane i NM 10 km. fri kom;
Ingvild Flugstad Oestberg, Silje Theodorsen, Milla G. Andreassen, Nora Sannes, Margretehe Bergane, Berit Mogstad, og Tuva Brusveen Jensen.