Lokalnytt

Ordføraren opna «Bua» ved Stranda Frivilligsentral

Ordførar Jan Ove Tryggestad helsa og opna «Bua» på Stranda laurdag. Ragnhild Stadheim tok mot gode ord og blomsterhelsing frå ordføraren.

Rundt tretti personar møtte fram til opninga av «Bua» ved Stranda frivilligsentral laurdag. Lokalet ved Stranda frivilligsentral er kome i stand for utlån av diverse sportsutstyr sommar som vinter. Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad  stod for den offisielle opninga.

Ved Stranda frivilligsentral kom eit nytt tilbod på plass laurdag 28. januar. Der vart «Bua» opna, eit rom fullt av utstyr til bruk både om vinter som sommar. På opningsdagen var der mest vinterutstyr, noko som var naturleg i slutten av januar.
Men her skal kome også anna, sa Ragnhild Stadheim, tilsett ved Stranda frivilligsentral og som har hatt hovudansvaret for oppbygging av utstyrsrommet. Sjølv om det var ganske fullt i det knappe 50 kvadratmeter store rommet skal der kome meir til bruk og aktivitet ute i naturen, seier ho.

Ragnhild Stadheim tok ordet sjølv ved opninga av «Bua» på Stranda laurdag og kunne ønske eit 30-talls stort publikum vel møtt. Ho retta takk til mange som hadde hjelpt med å få lokalet i stand, både med måling og meir. Og ho håpa at innbyggarane i Stranda ønska å bruke tilboda som var der, at dei ville ha glede av det. Med tanke på miljø og berekraft er det viktig, sa ho.
«Bua» Stranda har ein låneprofil og veit kvar og kven som låner utstyr. Alt kan lånast inntil ei veke, då må det leverast tilbake.
No var der mest vinterutstyr, men dette vil bli supplert og skifta litt på alt etter årstida. Alt var nytt og kjøp inn frå Intersport Stranda for atala pris.
-Du kan låne på «Bua» men det er også lov å berre sjå på utstyret, sa Ragnhild.

Mange såg innom «Bua» under opning laurdag 28. januar.

Til stades for å foreta den offisielle opninga var ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad. Dette var eit av nye tiltak han såg på som positivt og sette pris på. Han håpa mange ville nytte det flotte tilbodet der ein fekk låne utstyr som ein ønska å prøve.
I si helsing tok han fram eit minne frå eiga historie innan friviljug arbeid: Som fotballtrenar hugsa han godt guten som kom og sa at han ville slutte å spele fotball. Det ønska han å gjere slik faren sa, og som hadde gjeve han tusen kroner om han ville slutte.
-Slik må det ikkje vere, alle må få gjere det dei hadde lyst til også innan idrett og fritidsaktivitet. Her kan alle få låne ting som dei ønskjer å prøve gratis. Utruleg viktig, for på den måten skaper frivilligheit eit betre samfunn, sa ordførar Jan Ove Tryggestad.
Han hadde med ein blomebukett til «Bua» som han overrekte, og som Ragnhild Stadheim tok mot og takka så mykje,

Etter opninga av «Bua» vart alle invitert på saft, eller kaffi, og fleire gode kaker av Stranda frivilligsentral.

Trym Helset og Ari Kjellstadli var også med på opning av «Bua» som medlemer frå skulen, aktuelle låntakarar av utstyr.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380