Lokalnytt

Ordførarkandidat for SP

Jan Ove Tryggstad stiller som ordførarkandidat for ein ny periode

Jan Ove Tryggestad går på ein ny periode som ordførar  i Stranda. Det melder partiet i ei pressemelding i dag 18. januar. Tryggestad har vore ordførar i Stranda kommune i snart tre periodar frå 2011.

Les meir her
Pressemelding:

Barndom/ungdom: Jan Ove vaks opp på Jørngarden på Tryggestad i Sunnylven. Syskenflokken var på 8 stk, og alle måtte tidleg lære seg å ta eit tak i arbeidet på garden. Jan Ove vart  også oppmuntra til å ta del i kulturlivet i bygda, og han var i ungdomen aktiv i både idrettslag, skyttarlag og ungdomslag. Gjennom dette arbeidet fekk han god god innsikt og fekk sjå at det er fellesskapet som skaper prestasjonar og læring.

Snikkar: Jan Ove tok seg utdanning som tømrar i 1977/79, og praktiserte i yrket i om lag 25 år. Saman med nokre andre starta han Hellesylt Bygg som seinare fusjonerte med Hellesylt Bygg (noverande HT-Bygg).

Bonde: Jan Ove starta formelt som bonde i 1995, men han hadde vore med sidan han var så stor at han kunne gå i fjøsen. I 1987 vart det bygt ny båsfjøs på garden, og mykje av dette arbeidet gjorde Jan Ove sjølv etter at han var ferdig med det daglege arbeidet som snikkar. I 2012 vart det bygt ny fjøs igjen, no lausdrift og robotfjøs. Sambuar, Gunnhild Foldal, er svært sentral i drifta av garden. Til daman har dei om lag 30 kyr og 60 vinterfora sauer.

Den første tida som politikar: Jan Ove vart før valet i 1987 verva til å stå på Sunnylven si bygdeliste. Det var John Langeland som verva han, ein politikar og eit menneske som Jan Ove fekk stor respekt for og lærte mykje av. Jan Ove kom inn i kommunestyret i 1987 og har vore der samanhangande sidan då. Perioden 1987/-91 var svært krevjande med svak økonomi og strt, akkumulert underskot. Jan Ove lærte mykje i denne perioden, og han syntest arbeidet i kommunestyret var interessant og gav meirsmak. Han vart seinare leiar i teknisk utval og kommunen sin representant i Fellesrådet for sokneråda.

Tida i Tine: I 1998 kom Jan Ove inn i Sunnmøre Meieri sitt styre. Meieria skifte seinare namn til Tine. Jan Ove gjekk gradene i Sunnmøre Meieri sitt styre, og enda som styreleiar i Tine Vest i seks år. Styrearbeidet medførte mykje reising, men han fekk vere med på mange spennande oppgåver som han lærte mykje av. Å vere leiar i eit samvirke, minner mykje om oppgåvene og arbeidet som ordførar. Ein lærer å skilje mellom å vere eigar og å vere tilsett, på same måten som ein ordførar må skilje mellom administrasjon og folkevalde sine ulike roller.

Ordførar: Sp vann valet i 2011, og Jan Ove vart ordførar. Det var på denne tida økonomisk kaos i kommunen, administrasjonen var frustrert med manglande tillit mellom dei tilsette og politikarane. Det sentrale arbeidet vart difor å gjenskape tilliten overfor lokal administrasjon, til grannekommunane, låneinstitusjonar og folket i kommunen. Svært mykje av den første ordførarperioden gjekk såleis med til å få orden på økonomien og leggje ein plan for å kome ut av Robek.

Perioden 2015/-19: Sp og Jan Ove gjorde eit brakval i 2011 og fekk 11 mandat i det nye kommunestyret. Jan Ove fekk såleis halde fram som ordførar. Arbeidet med økonomien vart også ei sentral oppgåve i denne perioden. Ein fekk likevel løyve frå Fylket til å oppgradere vassforsyninga og avløpsanlegget i Svemorka. Dette var ei svært stor og kostbar investering, men ei heilt nødvendig og framtidsretta investering for nringslivet. Utbygginga medførte m.a. nytt fryseri og ny produksjonslinje ved Stabburet. I 2019 vart og kommunen utmeld av Robek, to år før tida.

Perioden 2019/-23: Sp gjorde eit nytt, godt val i 2019 og fekk tolv mandat.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380