Planlegg toalett og badstue på badestranda
Hellesylt Ungdomslag skal bygge eit toalett med badstu i tilknyting til badehuset på Hellesylt. Det blir informasjon om opplegget på badestranda laurdag 11. februar.
Den nye badstua som Hellesylt UL planlegg på badestranda på Hellesylt blir eit bygg der badande kan få varme i kroppen etter ein dukkert same kva tid på døgnet og året dei dukkar i sjøen.
I tillegg kjem der toalett, noko HUL ser som særs viktig då det i dag er lang veg til slikt.
-Badestranda på Hellesylt blir brukt alle tider på året, både av fastbuande, men også av våre nye landsmenn, skriv leiar i badehusstyret Asle Ringdal. Og på fine dagar kan der vere samla mellom 300 og 400 personar så difor er det viktig å få realisert også eit toalettanlegg, meiner han.
-For å få gjennomført dette prosjktet på Hellesylt er vi avhengig av å få bidrag både frå næringslivet og andre, for dette vil vere eit både flott og etterlengta tilskot til bygda vår, skriv Ringdal.
Han ønskjer velkome til badestranda på Hellesylt 11. februar klokka 13.00. Då vil badehusstyret og arkitekt vere tilgjengeleg for informasjon om bygging og anna om prosjektet.