Lokalnytt

Protesterer mot nedlegging av legekontor

Det er forslag om at legekontoret på Hellesylt som har sine lokale i Sunnylven omsorgsenter skal leggast ned.

Signal frå Stranda kommune om nedlegging av legekontor i distrikta har vekt sterke reaksjonar både i Geiranger på Hellesylt. Ein underskriftsaksjon, «Stopp nedlegging av legekontoret på Hellesylt!» samla heile 376 underskrifter på få dagar.

Nedlegging av legekontoret på Hellesylt vil spare Stranda kommune for rundt 500.000.- kroner årleg, heiter det i grunngjevinga.
Då det vart kjent at planar gjekk på å stenge legekontoret starta det ei underskriftskampanje ved Joker, ein av daglegvarebutikkane på Hellesylt. Ved butikken slutta eit stort antall kundar opp om aksjonen og gav her klar beskjed om at dei ønska framleis eit legekontor i bygda. Den siste tida har kontoret hatt ein dag kvar veke, og alle som har hatt behov har funne fram til Sunnylven omsorgsenter i Hellesylt sentrum.

Det vart fem tettskrivne A4-ark med underskrifter for å behalde legekontoret, totalt 378 namn kom på liste i løpet av ei lita veke.
I tillegg til namnelistene er det sendt inn skriv frå fleire lag og organisasjonar som støttar opp om kravet om minst ein legedag på Hellesylt. Det ligg ved uttale frå FAU v/Sunnylven skule, Pårørandeforeinga ved Sunnylven omsorgsenter, frå styret i Sunnylven sanitetslag, Sunnylven pensjonistlag, Sunnylven bygdekvinnelag, og Hellesylt Næringslag.

«Dette vedtaket (nedlegging av legekontoret på Hellesylt) inneber at det blir påført næringslivet store ekstra kostnader som burde vere heilt unødvendig i ei tid der ein har nok av andre utfordringar. Vi ber om innsyn i detaljane på den påståtte innsparinga på 500.000.- årleg. Dette bør vere utgangspunktet for eit ope møte på Hellesylt der kommuneleiinga stiller for å informere, samt ta imot innspel,» skriv  leiar Stig Tryggestad i Hellesylt Næringslag mellom anna i skriv til Stranda kommune. Han legg til at det snarast må bli gjennomført eit folkemøte om saka.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380