Rempro AS og Formvac AS går saman
Eigarskifte – Rempro AS i Liabygda overtek Formvac AS på Hellesylt. To vellykka verksemder i Stranda kommune sameinar krefter.
Eigar og leiing i Formvac har vald å trappe ned og fant at Rempro i Liabygda var ein god make for å føre vidare og vidareutvikle verksemda. Rempro, som har si verksemd i nærliggjande bransje, med utnytting av komposittmateriale som si styrke, ser gode synergiar og utviklingspotensiale gjennom dette kjøpet.
«Samanfallande teknologi, kundar og verdigrunnlag, mellom anna på berekraft, var blant dei viktige drivarane for at vi ser store moglegheiter gjennom denne konstellasjonen», seier dagleg leiar i Formvac, Kjell Opsvik og eiger av Rempro, Stein Inge Rem.
«Å bygge industriarbeidsplassar i regionen, ved å utnytte og utvikle konkurransekraft gjennom kompetanse, bidreg til å utvikle både mangfald og lokalmiljø. Dette er ei viktig drivkraft for oss og er ein viktig del av vårt berekraft perspektiv og det lokale samfunnsansvaret vi ønskjer å ta» seier ny dagleg leiar og no eigar i begge selskapa, Stein Inge Rem.
Formvac vakuumformer plastkomponentar til industrikundar i inn- og utland, i stor og aukande grad basert på resirkulert materiale.
Rempro, som har hatt sterk og lønnsam vekst over fleire år, har suksess med eit stort spekter av produkt innan kompositt med lang levetid, og fokus på berekraftig livssyklus, til fleire bransjar i inn- og utland. Samla får selskapa ein omsetnad på ca. 50 mill. kroner i fyrste omgang, men forventar vekst.
Tidlegare leiing i AS Formvac, Kjell Opsvik og Marit Sæten Opsvik, blir med i drifta ein periode framover og Kjell Opsvik blir også med i det nye styret for AS Formvac.
Styreleiar for begge selskapa blir Leif Magne Klubbenes, som også har vore styreleiar i Rempro dei siste åra.