LokalnyttUkategorisert

Sunnylvscup i Hyttehola

Andre renn i Sunnylvscup på ski blir arrangert i kveld torsdag 19 januar i skianlegget i Hyttehola. Rennet blir arrangert som null-løp.

Fyrste rennet i Sunnylvscup på ski denne vinteren vart arrangert i Hyttehola 5. januar. Der deltok i alt 52 løparar i alder 8 år og yngre, til 10. klasse. Arrangøren Sunnylven IL håper på like god deltaking i kveld 19. januar, og kanskje enno betre. Fyrste startande er klokka 17.30.

Det blir tidtaking for dei som ønkjer det, frå 1. klasse og oppover, opplyser arrangøren. Denne gongen blir det konkurrert som null-løp, å gå lik tid i to omgangar. Resultatet blir rekna ut etter kor liten eller stor avstand det er for løparen i dei to omgangane.
Arrangøren håper også foreldre og besteforeldre til dei unge deltakarane vil stille til start og ønskjer dei vel møtt.

Avgift for deltaking i Sunnylvscup på ski er kr. 100.- for sesongen 22/23, og kr. 400.- i parkeringsavgift for bil på stadion.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380