Lokalnytt

Tredje renn i Sunnylvscup på ski torsdag.

Det blir Sunnylvscup på ski i skianlegget Hyttehola torsdag 2. februar. Rennet går i fristil, melder ski -og skiskyttargruppa.

Etter ein periode med mildare ver minka snøforholda i skianlegget Hyttehola, men måndag denne veka kom snøen tilbake. Torsdag 2. februar er det nytt renn i Sunnylvscup på ski, det tredje denne sesongen.
Start er som vanleg klokka 17.30 for alle som går utan tidtaking, og ein time seinare cuprennet på tid.

Dette er det tredje Sunnylvscup på ski denne vinteren. Deltakinga så langt har lege på rundt 50 i kvar av dei to fyrste renna.
Torsdag går cuprennet i fristil og desse er sett opp som ansvarlege:
Rennet: Knut Dag Langeland (gruppeansvarleg) Karl Johan Espe, Alf Ole Sundgot.
Kiosk: Silje Brendefur og Karolin Parthe

Fjerde renn i Sunnylcscup på ski går torsdag 16. februar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380