Lokalnytt

Union Hotel med Spa og sjømathelg

Ved Union Hotel i Geiranger startar februar månad med fokus på spa og velvære. Den 3-5 februar blir det servert det beste av mat og drikke til ein fem retters meny, heiter det i ei melding frå hotellet.

-Vinkelnerane våre har sett saman to vinpakkar som passar til rettane, skriv dei og inviterer til både champagnekurs og på buffet med sjømat.
Og ikkje nok med det så inviterer hotellets dyktige yogainstruktør til ulike økter i tårnet. Truleg vil det bli meir enn godt og utfordrande.

-Unn deg litt tid til ro og avslapping i Union Spa, nyt blåtimen i det oppvarma utandørsbassenget eller gå deg ein tur i det vakre vinterlandskapet, heiter det i anbefalinga frå hotellet i Geiranger.

Les her;

«Spa- og sjømathelg med fokus på god mat og velvære

3.-5. februar inviterer vi til ei helg med fokus på spa og velvære, god mat og god drikke. Vi får besøk av Odd Ivar Solvold som saman med kjøkkenteamet vårt vil servere ein 5 retters meny fredag. Vinkelnerane våre har satt saman to vinpakkar som passar til dei ulike rettane. Laurdag inviterer vi til champagnekurs med ein av dei dyktige vinkelnerane våre. På kvelden byr vi på Unionsbuffet med fokus på sjømat.
Vår dyktige yogainstruktør Vendela inviterer til ulike yogaøkter i tårnet.

Unn deg litt tid til ro og avslapping i Union Spa, nyt blåtimen i det oppvarma utandørsbassenget, eller gå deg ein tur i det vakre vinterlandskapet. Vi kan anbefale å gå Fossevandringa ned til sentrum. Der kjem du tett på den spektakulære Geirangerfossen. Ønskjer du ein lett lunsj på laurdag, tilbyr
vi vår tradisjonelle Afternoon Tea i salongen.
Prisar frå kr. 1450,- pr. person i standard dobbeltrom pr. døgn
Prisen gjeld i std. dobbeltrom inkl. frukost og middag. For meir info og program sjå hotelunion.no
3.-5. februar.
Spesialpris kr. 200,- pr dag for inngang spa»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380