Lokalnytt

Fastelavnstreet på plass

I Hellesylt sentrum er fastelavnstreet på plass. Ei fin og rettvaksa bjørk vart tysdag 14. februar pynta med fargeglade fjør av elevar frå 3. og 4. klasse ved Sunnylven skule. No står ho der vakkert pynta og prydar Hellesylt sentrum.
Det vart ein fin og spanande jobb som elevane sette pris på vil vi tru, ein liten time frå det vanlege skulearbeidet. Eit fint tre vart det i alle høve.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380