Lokalnytt

Gode smakar med dans på Tronstad grendahus.

Fem staute musikarar i Fossedur spelar til dans på Tronstad grendahus laurdag 25. februar.

På Tronstad grendahus blir det hyggekveld med servering, dans og forfriskningar laurdag 25. februar. Dørene opnar klokka 20.00 og frå klokka 22.00 spelar populære Fossedur til dans.

Tronstad grendalag er klare for samkome for unge og eldre. Laurdag 25. februar blir det servering av bacalao med tilbehør, og deretter spelar Fossedur til dans.
Billett for mat og dans er sett til kr. 300.-, for berre dans kr. 100.-
Menyen består av bacalao, fiskesuppe, kaffi og dessert, og heimelaga flatbrød, skriv arrangøren Tronstad grendalag. Etterpå blir det dans til musikk av Fossedur langt ut i dei små timar..

Påmelding for servering er sett til torsdag 23. februar, (23.59) til Geir Støverstein mob. 411 46 947, eller Jo Endre Frøysadal, mob. 970 05 333.
Legg laurdagskvelden 25. februar til Tronstad grendahus, med aldersgrense 18 år!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380