Lokalnytt

Heltre AS vil leige ut «banklokale» i Hellesylt sentrum.

Øystein Ljøen håper nokon finn nytte i å leige dei tidlegare banklokala på Hellesylt.

Sparebanken Møre la ned avdeligskontoret sitt i Hellesylt sentrum frå nyttår. No ønskjer Heltre AS som er eigar av bygget nye leigetakarar frå 1. mars i eit lokale på knappe 250 kvadratmeter.

Det er Heltre AS som eig bygget i Hellesylt sentrum, bygd i 1975 og der Sparebanken Møre har vore leigetakar frå 1985. Frå nyttår 2023 la banken ned avdelingskontoret her og dermed står om lag 250 kvadratmeter ledig midt i Hellesylt sentrum.
Hellesylt rekneskap leiger omlag 100 kvadratmeter av bygget, og no håper Heltre at dei får leigetakarar på også det Sparebanken Møre har disponert dei siste 37 åra.
-Vi håper nokon kan finne nytte i å leige lokala her, gjerne alt, eller vi kan dele det opp i to eller tre mindre utleigeeiningar, seier Øystein Ljøen. Nye leigetakarar kan «kome i hus» frå 1. mars, seier han.
-Sparebanken Møre har rydda ut kontormøblar og alt anna dei eigde og berre nokre mindre ting står igjen, så her skulle alt vere klart for å flytte i hus med det fyrste, seier Ljøen.
«Bankbygget» på Hellesylt ligg midt i sentrum like ved ferjeoppstillingsplassen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380