Lokalnytt

Husk Barnas Mini-VM i Hyttehola

Tysdag 14. februar er det skirenn i Hyttehola, ikkje Sunnylvscup denne gongen, men Barnas Mini-VM.

To år før VM på ski blir arrangert i Granåsen i Trondheim startar VM-stemninga opp i fleire skianlegg rundt om i landet med Barnas VM på ski. Heile vinteren blir det arrangert renn, og til Hyttehola kjem VM-stemninga tysdag 14. februar. Her blir det skileik for dei unge, eller for dei komande VM-stjernene på ski om nokre år.
Live Spilker som har slektsrøter frå Stadheim i Sunnylven er medarrangør av rennet, det flotte opplegget der unge kan delta i skiferdigheiter på ulike nivå. Det blir konkurrert i fleire løyper og premiering til alle.
Møt fram og delta på Barnas mini-VM i Hyttehola skianlegg tysdag 14. februar frå klokka 18.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380