Melodiøst møte med Simon & Garfunkel
Det vart tur til Storfjord kulturhus på laurdag kveld. Der fekk vi møte Simon & Garfunkel melodiøst, i prakfulle tekst og tonar.
Stranda sine to song -og musikkglade, Sigurd Drege og Mass Petter Jelle gjorde saman med fleire ein laurdagskveld som ein fullsett sal i Storfjord kulturhus gleda seg stort over. Det klang så flott frå musikarar og ikkje minst frå mange songglade då to av popmusikkens store vart presentert frå scena i kulturhuset på Stranda. I nær to timar, berre med eit lite «kvarters» pause under vegs fekk det rekordstoe publikumet høyre flotte songar frå dei to låtskrivarane, frå to av dei store innan popmusikk.
Aktørane i Storfjord kulturhus presenterte det heile på ein fantastisk måte laurdag kveld, frå med Sigurd Drege sitt leksikon. Og at det låg mykje øving bak aktørane sine framføringar er liten tvil om, både av Kor nøye, Jårångskoret, Malin Pålsson og ikkje mint mange dyktige musikarar.
Etter innleiande tonar frå dirigent Kjellaug Oma og konfransier Sigurd Drege kom Kor Nøye på bana, eit reinstemt mannskor med mange flotte songar. Bridge over trobled Water og Bright Eyes var mellom songane som gleda og imponerte. Seinare kom meir kjent frå Simon & Garfonkle i The Sound of Silence, og vi fekk høyre The Boxer med solist Ove Årdal.
Jårångskoret fylgde opp det flotte repertoaret med meir kjent frå dei to berømte artistane. Der tona det ut både Bye bye love og Bright Eyes. Dyktige solistar under konserten var Anette Møll i Jårångskoret og Malin Pålsson. Også konfransier Sigurd Drege imponerte i eit par songar til rungande applaus.
Konserten i Storfjord kulturhus vart så bra, slik alle hadde håpa på. Dyktige musikarar gav konserten ekstra krydder, noko som også fekk fram klappsalvar og jubelrop i salen frå nær 300 frammøtte.
Det er triveleg å ta turen til Storfjord kulturhus slike kveldar. Måtte det bli fleire om ikkje lenge.