Lokalnytt

Næringssjef Inge Bjørdal vart feira med fest og taler


Kommunalsjef Einar Lied til venstre og næringssjef Inge Bjørdal

Det vart storstilt og flott feiring av næringssjefen i Stranda laurdag. Inge Bjørdal fylte 70 år på fredag 10. februar, men fekk si samling saman med slekt, vener og kollegaer på Sunnylvsbygda grendahus kvelden etter.

Inge Bjørdal hadde ikkje planlagt noko større feiring av 70-årsdagen sin 10. februar. Denne dagen kom han med kake til sine kollegaer på kommunehuset på Stranda og sa  -verså-god, de får feire meg, eg skal til Molde på møte. Slik gjekk den dagen, akkurat som andre dagar for Inge Bjørdal i Stranda kommune. Han trudde at feiringa av gebursdagen var over med det, men der tok han litt feil, det var andre som ville gjere litt stas på ein mykje omtykt næringssjef dei siste 20 åra.

I heimbygda Sunnylven vart det saman med fleire andre frå ulike kommunale etatar planlagt eit større selskap, ei samling for den stødige og hjelpsame næringssjefen. På Sunnylvsbygda grendahus vart det ordna fest der grannar, kjenningar og mange kollegaer av Bjørdal vart meldt på til feiring. Alt foregjekk i skjul for jubilanten, han møtte fram på grendahuset og trudde han skulle på eit møte i bondelaget der temaet var diverse rovviltskader. (tiltak i utmark og SMIL…) Han kom til møtet ein liten halvtime seinare enn resten av den 74 mann -og kvinner store forsamlinga.

Stor vart overraskinga for Bjørdal når han kom inn og fekk forståing av at dette ikkje var eit fagmøte, men ei gebursdagsfeiring nettopp berre for han. Han vart litt rørt av det heile.
Etter kvart fekk han finstasen sin på, den hadde gode slektningar henta til grendahuset. No var festen i gong med helsingar og mange taler, alle med berre gode og rosande ord om jubilanten.

Under samlingar blei det servert mykje god mat. Fyrst kunne alle forsyne seg av eit lunsjbord med brød og pålegg av fleire sortar, før det vart marsipankake og anna heimebakst av det aller beste. Der etter vart det delt ut mange gode ord til jubilanten. Han takka så mykje for alt, men var vel litt overraska av opplegget for festen, vil vi tru.

Jubilant og næringssjef Inge Bjørdal med gåve frå tilsette i Stranda kommune.

Som næring -og planleggingssjef har Inge Bjørdal vore med og innstilt på vedtak i fleire viktige saker i Stranda kommune, men også innan fleire lag og organisasjonar har han vore med og bidrege til positive vedtak. Under festen fekk han seg til del mange gode ord, både frå kommune og plan og utviklingssjef Einar Lied som hadde med fleire gåver, frå Bjørn Helge Skarbø i Storfjordens Venner, Stranda mållag ved Martine Rørstad Sand, frå Odd Normann Hoff  og Asgeir Kvernberg i verneorganisasjonen Storfjordens Venner, og mange fleire. Også nabo Jarle Hole bar fram helsing og gode ord til Inge Bjørdal.

Det vart ei gild feiring for ein aktiv heidersmann og som ikkje har vore redd for å ta eit tak i fleire organisasjonar, eller jobbe for gode løysingar gjennom Stranda kommune. Ein fest som avgjort var jubilanten verd og som han sjølv takka så mykje for.


Bjørn Helge Skarbø t.h. rosa Inge Bjørdal for jobben han gjer som leiar i Storfjordens Venner

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380