Nye idear for nybygg på badestranda
Informasjonsmøtet 11. februar om nybygg på badestranda på Hellesylt er utsett. Nye planar for byggeprosjektet har dukka opp, heiter det i opplysningar frå badehusstyret.
I ei melding til hellesylt.info står å lese at badehusstyret har fått nye idear om løysing med eit nybygg og sanitæranlegg på badestranda på Hellesylt.
Styret hadde planlagt ei løysing med nybygg i bakkant av området med toalett og ei badstove. No er det kome nye idear med eit heilt anna bygg, opplyser leiar i badehusstyret, Asle Ringdal.
Møtet 11. februar er utsett inn til vidare, og leiinga for sjøbadet på Hellesylt kjem tilbake med ny informasjon seinare, heiter det i ei melding frå badehusstyret i HUL.