Pensjonistårsmøte med godt program
Årsmøtet i Sunnylven pensjonistlag vart halde onsdag 15. februar. Utanom årsmelding, rekneskap og val vart det også gode programinnslag frå lagsmedlemer.
På Ljøen har det blitt gjort eit betydeleg arbeid med opprusting av Postvegen over Ljøbrekka dei siste åra. Ljøbrekkas Vener har lagt ned mykje pengar og arbeid på å halde vegen frå Ljøen til Herdal i god stand, og i dette arbeidet har sherpaer frå Nepal vore viktige arbeidarar. Dei har budd på Ljøen i tunet til Elsa og Erling Ljøen.
På årsmøtet i Sunnylven pensjonistlag fortalde Ering frå livet og dagar med dei langvegsfarande arbeidarane, folk som han og Elsa knappast forstod språket til. Men dei hadde vore på turar i lag fleire stader i nærområdet, og karane frå fjellandet i Asia hadde fått sett både Vestkapp på Stad, Trollstigen, Fjærland, Runde og fleire andre stader, fortalde Erling.
I selskap på Ljøen hadde det hendt at dei langvegsfarane arbeidarane serverte mat til Elsa og Erling, mat dei lika, men som var sterkt kryddra. Ikkje alt fall i smak og det forstod dei så seinare vart maten mindre krydra og meir smakeleg for Ljøfolket også, fortalde han.
Arbeidarane frå Nepal hadde lika seg på Ljøen i alle åra arbeidet på postvegen over Ljøfjellet hadde foregått. Det var loddtrekning om å få kome dit, hadde det blitt fortalt. Også han som kom og var nyforlova med ei jente i heimlandet hadde det bra, men kvar dag vart det lage videosamtalar mellom dei to, fortalde Erling Ljøen.
Musikalske innslag
På årsmøtet i Sunnylven pensjonistlag var det også musikalske innslag. Det sytte Knut Hanssen på gitar og Oddvar Gausdal trekkspel for.
Knut Hanssen har ei songrøyst det er flott å høyre på og den fekk årsmøtet lytte til fleire gonger. Alle songar var av det gode, gamle slaget, og med norsk tekst. Saman med Oddvar Gausdal vart det gode musikalske innslag som vi trur dei frammøtte gjerne høyrer fleire gonger. Det vart i alle høve velfortent applaus til dei to.