Serverte potetball til alle ved Sunnylven skule.
På 14. februar vart det servert potetball med alt godt tilbehør til elevar, lærarar og andre tilsette ved Sunnylven skule. Vertskap for det gode måltidet var Sunnylven bygdekvinnelag.
Det var heile fire år sidan sist gong Sunnylven bygdekinnelag serverte potetball med tilbehør til alle ved Sunnylven skule. Ein pandemi og seinare ombygging av skule / samfunnshus var årsaka, fekk vi oss fortalt. Men på tysdag 14. februar var fem damer frå bygdekvinnelaget igjen i gong med det gode måltidet til vel 60 elevar, lærarar og andre ved Sunnylven skule. Fire gryter stod klare og fulle med potetball, i tillegg til pølse og andre go`saker som skulle på bordet i den vesle salen ved samfunnshuset. Vi kjente litt på at her skulle også vi ha vore skuleelev igjen.
På kjøkkenet jobba fem damer, Annbjørg Fivelstad, Anne Grete Hjelmeland Hole, Lisbeth Lervik Helset, Olveig Frøysa og Astrid Tronstad Dyrkorn, Dei var klare med alt då vi var innom, og at det vart nok eit godt måltid der alle kunne forsyne seg godt. I dei fire grytene var rundt 200 potetball.
Det hadde gått fire år sidan sist bygdekvinnelaget serverte potetball til elevar og lærarar ved skulen på Hellesylt. Koronapandemi og ombygging av skule / samfunnshus var årsaka, sa dei. No var alt klart igjen for servering i nyrenovert sal.