Lokalnytt

«Sjøarane» planlegg grendakveld

Foto: Sjøarar på scena under Grendakvelden 2017.

«Sjøarane» er klare for å arrangere «grendakveld» i Sunnylven. Komiteen har alt hatt sitt fyrste programmøte og søndag 12. februar blir det nytt. Dei håper mange kjem.

I år, nærmare bestemt laurdag 1. april blir det grendakveld igjen, og denne gongen er det «sjøarane» som står som arrangør av programmet frå scena, i lag med arrangør Hellesylt Ungdomslag.

Det var i 2019 at siste «Grendakveld» vart arrangert i Sunnylven samfunnshus. Etter det kom pandemien og dermed vart større arrangement avlyst. Så kom sommaren 2021 med oppstart og renovering av Sunnylven skule / samfunnshus og dermed vart arrangement i bygget flytta ut eller utsett.
Men no fire år etter siste «grendakveld» på samfunnshuset er alt på stell og «Sjøarane» er klare med eit sterkt og livat program. Det er alt blitt halde eit fyrste møte med planlegging, og søndag 12 februar blir det nytt:

Og at det skal arrangerast på laurdag fyrste april er ingen spøk, det er bestemt og blir dagen før påskeveka, slik det alltid har vore, seier leiar i Hellesylt UL, Marianne Fivelstad. Ho gler seg til ein ny «grendakveld» etter fire års opphald, og er trygg på at sjøarane er ein dyktig arrangør som får liv i grendakveldane igjen.

Og etter fire år er det vel nok av hendingar og episodar å ta fatt på som det kan bli gode sceneinnslag av på planleggingsmøtet søndag 12 februar kl. 18.30. Aktørane på HUL-scena brukar å få det til, så vi og mange fleire gler oss.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380