Skiglede med Barnas mini-VM
Barnas mini-VM kjem til Hellesylt og Hyttehola skistadion 14. februar. Prosjektleiar for arrangementet, Live Spilker håper på stor påmelding av framtidas lokale VM-aktørar.
Live Spilker bur i Trondheim, men er vel nesten også å rekne som god sunnylving då ho har slektsband frå gard på Stadheim i Sunnylven. Ho jobbar i Trondheim der ho er knytta opp mot Barnas mini-VM, eit stort arrangement i tida fram mot VM på ski i Trondheim i 2025.
-Ski-VM 2025 i Trondheim tek også Barnas mini-VM til Norge. Målet er å skape masse skiglede gjennom aktivitetar som hopp, humpar og fine skiløyper.:
I år blir det Barnas ski VM fleire stader i Trøndelag, men suksessen skal også ut i resten av landet, frå Alta i nord til Vennesla i sør.
Formålet med Barnas mini-VM er at barn kan delta på eit lavterskel skirenn i nærområdet, i tillegg til at arrangøren får lavterskelkompetanse. Det seier fungerande VM-sjef Kristin Murer Stemland.
Til Sunnylven 14. februar
Live Spilker jobber for Barnas ski-VM og no har ho ordna arrangement i skianlegget i Hyttehola tysdag 14. februar.
-Jeg jobber som prosjektleder for Barnas mini-VM, et offisielt VM-tiltak på vei mot 2025! Vi skal arrangere barneskirenn sammen med Sunnylven IL i Hyttehola 14. februar, skriv prosjektleiar for Barnas mini-VM, Live Spilker. Ho har sendt oss digital informasjon med bilder.
Hellesylt.info synest dette er flott og blir garantert på plass i Hyttehola for reportasje frå arrangementet. Vi håper at også mange deltakarar stiller opp når Barnas mini-VM kjem til Hyttehola skistadion og Sunnylven IL.