Stort oppmøte på Barnas mini-VM i Hyttehola
Veret var topp og deltakinga var enno betre då Barnas mini-VM kom til skianlegget Hyttehola tysdag 14 februar. Arrangementet der var det einaste i Møre og Romsdal denne gongen.
Om to år er det VM på ski i Granåsen i Trondheim. Vi såg nok ikkje deltakarar til det rennet i Hyttehola tysdag, men vi såg mange skitalent som kanskje blir å finne på start i eit VM seinare.
For det vart ei flott mønstring av unge skiløparar i alder 0 til 12 år i Hyttehola tysdag kveld. Kanskje var der også eldre løparar, for alle var velkomne til rennet, sa Live Spilker, ansvarleg arrangør av Barnas mini-VM i Hyttehola. Som hjelpar var også Henrik Storstein Spilker med, og fleire frå Sunnylven IL hadde hjelpt med løypelegginga.
Live Spilker dreg rundt og arrangerer liknande renn over alt i lander, frå Finnmark i nord til Vennesla i sør. Og over alt er det god deltaking, som det var i Hyttehola tysdag kveld.
Det kom unge deltakarar både frå Stranda og Hornindal, noko Live tykte var gledleg og flott, det viste at skirenn er artig. Og med alle frå Sunnylven vart det til saman 52 deltakarar, eit flott resultat ut frå folketalet i bygda, tykte ho.
I skianlegget ved Hyttehola var det rigga opp flotte portalar, tydeleg merka med kven arrangøren var. Her fekk alle gå ei løype på 5-600 meter, gjerne både ein , to og fleire gongar om dei hadde lyst til det. Og det såg vi at mange gjorde i det flotte veret som alle fekk oppleve tysdag kveld der det var rundt 0.0 grader og klart ver i Hyttehola.
For deltaking i rennet vart det premie på alle, uansett tid dei brukte på runden. Her var det ikkje sluttid, men deltaking det heile dreia seg om.
Sunnylven IL er av dei heldige som får arrangere slike renn, som einaste idrettslag i Møre og Romsdal. Takk til blide Live Spilker som tek slike arrangement til bygda og skaper meir enn trivlege skirenn og kveldar for mange.