Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til møte 8. mars
På den internasjonale kvinnedagen 8. mars inviterer Sunnylven bygdekvinnelag til samling på Sunnylven kyrkjelydshus.
Den internasjonale kvinnedagen vart for fyrste gong markert i Norge i 1915. Feiringa den gongen var heller lita, men på 1970-talet tok markeringa seg opp. Spesielt i 1978 var det stor oppslutnad om dagen då over 20.000 kvinner og menn gjekk i tog over heile landet.
Seinare sank oppslutninga, men i 2014 var den på nytt stor på grunn av regjeringa sine tankar om å innføre renovasjonsrett for legar i abortspørsmål, står å lese på Vikipedia.
I år blir det halde markeringar over heile landet i høve 8. mars, både med demonstrasjonstog og andre tilstellingar.
I Sunnylven markerer Sunnylven bygdekvinnelag dagen onsdag 8. mars med møte for alle på Sunnylven kyrkjelydshus.
I tillegg til servering blir der mykje godt program. Ellen Fivelstad fortel om å starte opp kaffibaren på Hellesylt, Ragnhild Stadheim informerer om «Bua», det nye visning og utlånstilbodet ved frivilligsentralen på Stranda, og leiar i bygdekvinnelaget Gunnhild Kvam snakkar om «utsett for hersketeknikk», eit tema like aktuelt i dag som før. På møtet i bygdekvinnelaget blir det også musikkinnslag av Synnøve Hjellbakk Hole og Tonje Støverstein.
Møtet er også kunngjort i aktivitetskalendar.