Lokalnytt

Sunnylvscup på ski torsdag 2. februar

Tre gutar før start på det tredje rennet i Sunnylvscup på ski. Frå venstre Kai-Adam, Fredrik, og Jakob

Det vart kaldt i skianlegget i Hyttehola då tredje renn i Sunnylvscup på ski vart arrangert 2. februar. I alt 43 løparar stilte til start.

Gradestokken viste 13 minus då det tredje rennet i Sunnylvscup på ski vart arrangert torsdag 2. februar. Like fullt var stemninga og farta stor på i alt 43 løparar
frå 8 år og yngre til 15 år. Dei fleste gjekk utan tidtaking torsdag, men i litt eldre klasser vart det kniva på tid og mange gjekk fort på godt føre i løypa.
Neste renn i Sunnylvscup på ski går om to veker den 16. februar.

Resultat:
8 år og yngre:
Trym S. Tryggestad, Ida Stadheim, Kaspian Stadheim, Vetle Støverstein, Henrik Hole Flo, Severin Sundgot, Isabella Sundgot, Aline Frøysa Hånes, Sverre Korsbrekke,
Sakarias Ringdal, Vilde Fivelstad Stadheim, Marte Brenne Ringdal, Lone Røyrhus Langlo, Marius, Kristian.

3.klasse:
Saga Emilie Frøysa, Alma Hole Flo 9.07, Joshan Pacificar, Emma Korsbrekke 7.22.

4.klasse:
Johanna Røyrhus.

5. klasse:
Sofia Pacificar, Fredrik Fivelstad Stadheim 7.15, Ane Brenne Ringdal 7.23.

6. klasse:
Tuva Korsbrekke 9.16, Kai-Adam Røyrhus 12.52, Jakob Frøysa Hånes 13.36, Siril Kjellstadli 9.47, Terese Støverstein 11.52.

8. klasse:
Ari Kjellstadli, Marta Friestad, Oskar Ringdal 13.43, Sander Sjåstad Hole, Ingeborg Fivelstad Stadheim, Kristen Brenne Ringdal.

9. klasse:
Trym Helset 12.50
10. klasse:
Johannes Friestad 14.05, Tonje Støverstein, Sofie Kjellstad.


 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380