Vårprogrammet til Sunnylven pensjonistlag klart
Sunnylven pensjonistlag har sendt ut programmet for våren 2023. Det blir fleire trivelege turar og samlingar, så berre noter og meld frå at Du vil vere med!
Onsdag 22. mars
Besøk på utstillinga «Strandaindustriens historie»
Denne dagen går turen til Stranda der vi besøkjer utstillinga om Strandaindustrien si historie. Avreise med buss ved Ingers Trans frå Hægstad kl. 12.00. Omvising på utstillinga kl. 13.00. Kl. 14.00 har vi bestilt nydeleg fiskesuppe med brød og kaffi på restaurant Havsiden (gamle Maro).
Retur frå Stranda kl. 15.30. Pris kr 300 som inkluderer reise, omvising og matservering. Resten av utgiftene sponsar pensjonistlaget.
Påmelding innan 19. mars til Astrid tlf. 906 75 234 eller Odd Jostein tlf. 957 52 330.
Torsdag 13. april
Balljtorsdagstur til Josybuda. Det vert servert god potetball og kaffi. Underhaldning ved kokken, Rolf Kobberstad. Tombola. Middag og buss kr. 300.
Buss ved Ingers Trans frå Hægstad kl. 13.00.
Påmelding innan 10. april til Astrid tlf. 906 75 234 eller Odd Jostein tlf. 957 52 330.
Onsdag 24. mai
Tur til Christian Gaard Bygdetun på Trandal
Vi fyller opp bilane våre og møtest på Leknes ferjekai der det kl. 12.00 går hurtigbåt til Trandal. Servering av nydeleg middag kl. 13-14. Vertskapet fortel sanne og «litt på spissen»-historier om personar og hendingar i området. Retur frå Trandal kl. 15.30. Pris kr 600.
Påmelding innan 19. mai til Astrid tlf. 906 75 234 eller Odd Jostein tlf. 957 52 330.
Fredag 23. juni kl. 16.00
Jonsokfeiring ved paviljongen/trivselshagen ved omsorgssenteret
Sal av rjomegraut og spekemat, kaffi og kaker. Oddvar, Knut og Bjarne underheld med lette og glade sommartonar. Tombola.
Inga påmelding. Pris kr. 100.
Dersom det vert fylever, blir arrangementet halde på Kyrkjelydshuset.