Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven sanitetslag

Leiar i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke t.v. saman med Birgitte Ingeborg Rørhuus-Øie, Kari Hauso Stadheim og Ruth Hole Aaland gjer klar varer som laget sende til aksjonen for trengande barnefamiliar i Stranda.

Sunnylven sanitetslag har halde årsmøte tysdag 28. februar. Møtet var på lagsrommet i Sunnylven kyrkjelydshus.

Hilde Langlo Brekke har vore leiar i Sunnylven sanitetslag frå 2021. Ho held fram som leiar, og det same gjer resten av styret som er;

Leiar: Hilde Langlo Breklke
Nestleiar: Ruth Hole Aaland
Kasserar; Nina Øie Hole
Sktivar; Birgitte Ingeborg Rørhuus- Øie
Styremedlen; Gerd Helset.

Varamedlemer;
1. Kari Hauso Stadheim
2. Anne Marie Hauge Ljøen
3. Laila Røyrhus.

Sunnylven sanitetslag med 62 medlemer har lagt bak seg eit aktivt år i 2022. Det går fram av årsmeldinga som vi har «saksa» dei viktigaste punka frå.

Her les vi:
Sunnylven sanitetslag har hatt 62 medlemmar i 2022, står å lese i årsmeldinga for laget. På seks styremøter har det blitt hansama heile 51 saker.
Laget har hat eit aktivt arbeidsår, ikkje berre med lagssaker, men også anna forefallande arbeid. I årsmeldinga kan ein lese om måledugnad på Sanitetsrommet, det blei ordna til påskemåltid i barnehagen med smørbrød, kakao og fruktfat slik tradisjonen har vore. Det vart ikkje fastelavnsrisbinding på Omsorgssenteret, det vart avlyst pga koronautbrot, men lagsmedlemer batt risa sjølve og fekk tradisjonen tru hjelp av 8.klasse med salet. Skuleelevar pynta også flotte fastelavnstre ved butikkane og eitt tre ved Omsorgssenteret, står mellom anna å lese i årsmeldinga.

I årsmeldinga skriv laget også om strikkekveldane, store mengder sokkar, huer, tepper og anna strikk til nyfødde og premature barn på Ålesund sjukehus, Det vart delt ut bleiekaker til alle dei 6 nyfødde barna i Sunnylven i 2022, til Simen, Gaute, Jonathan, Nora, Zakarias og Linus Olai, og 90-åringane Eline Fivelstad og Magnhild Hole fekk blomsterhelsing på dagane sine. Ein sambygding, Magnar Bjørdal fylte 100 år og også han fekk ei blomsterhelsing.

Stranda kommune kalla inn til Omsorgsberedskapsmøte for ukrainske flyktningar. I første runde vert det Stranda tettstad som mottek flyktningar, men seinare vart det også aktuelt med busetting på Hellesylt.

Det vart arrangert Laurdagskafe 26. mars og det gjekk unna med kaker, kaffi og lodd. Av arrangement vart det i samarbeid med Pensjonistlaget og Pårørandeforeninga ved Omsorgssenteret arrangert eit ope informasjonsmøte på Hægstad der legekontoret og sjukeheimsplassane si framtid var tema. Her var ordførar Jan Ove Tryggestad, og oppmøtet var stort, 70-80 engasjerte menneske møtte fram og fekk formidla sine tankar og spørsmål.

Til tiltaket «Vår dag» fekk laget kr 25.000,- og her les vi frå innhaldet denne dagen;
-Vår dag vart arrangert og dermed måtte ein innhaldsrik og spennande dag for alle elevar og tilsette ved skulen planleggast og ikkje minst gjennomførast. Dette var eit lystbetont arbeid i godt samarbeid med Silje Stadheim frå Fjellrosa 4H, Anne Marie S Frøysa og Inghild Storstein frå Sunnylven bygdekvinnedag. Vi landa på ein dag der Bygdekvinnelaget sytte for næringsrik og god mat, 4H hadde ulike aktivitetar, Bonseye var innleigd og tok med alle elevar og lærarar på rib-båttur, Fjord Nature var innleigd og tok med alle elevar på rappellering frå høgste platået på stupetårnet og ned på landgangen og kajakkpadling, Saniteten hadde quiz, bygging av bokslott av bøker vi hadde fått av biblioteket og private. Vergudane var på vår side og vi fekk ein flott dag, og tilbakemeldingane frå alle var strålande. Det var veldig kjekt å kunne gi elevar og lærarar ein annleis dag med gode opplevingar etter hektisk år der skulen har vore driven på to stadar grunna rehabilitering-.

-Det vart ikkje tradisjonelle Sommardagar, men vi hadde Laurdagskafe på Kyrkjelydshuset med tombola og kakesal og godt med besøk den helga dei fleste lag hadde bestemt seg for å lage litt aktivitet i sentrum av Hellesylt. Og sommaren kom med trillevennar, sangstund/underhaldning på Omsorgssenteret. Og på hausten vart det fleire gongar Bingo på Omsorgssenteret, og det vart Kløver-tur med etterfølgande kveldsmat i oktober.

Tradisjonen tru fekk også årets førsteklassingar kvar sin handduk med logo og eige namn på. Laget tok del i Omsorgsberedskapsveka der leiaren i laget stod på stand på Hellesylt saman med representantar frå Stranda Røde Kors og Stranda brannvesen.

-Det vart innkjøpt Orklavarer for kr 20.000,- på Joker Hellesylt som vart fordelt og pakka og sendt med Petrin Friestad til Stranda der sosialetaten tok ansvaret og fordelte dei til trengande barnefamiliar. Vi opplever eit godt samarbeid med sosialetaten og er glad for å kunne hjelpe. Vi var ei av tre sanitetsforeningar i Møre og Romsdal som fekk tildeling denne gongen, les vi frå årsmeldinga til Sunnylven sanitetslag.

Laurdagskafe vart det 12.november, og adventsstund på Omsorgssenteret med påsmurte julebrød og gode bløtkaker, og laget serverte måltid til elevar og lærarar ved Sunnylven skule på juleverkstaden deira.

I årsmeldinga rettar Sunnylven sanitetslag stor takk til kvar enkelt medlem for all den gode hjelpa og velvilje laget vert møtt med når noko skal gjerast.
-Dette viser at Saniteten betyr noko for mange og er viktig å ha i eit lokalsamfunn som ein bidragsytar til samhald, trivsel og utvikling, skriv Sunnylven sanitetslag til slutt i årsmeldinga for 2022.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380