Lokalnytt

Fjerde renn i Sunnylvscup på ski.

Det var kaldt i skianlegget i Hyttehola då skigruppa arrangerte det fjerde rennet av Sunnylvscup på ski 2022/23. Eitt renn står igjen før premiefesten for skicupen går i påska.

Sjølv om sola var framme og arrangøren Sunnylven ski -og skiskyttargruppe flytta fram starten av Sunnylvscup på ski torsdag 9. mars viste gradestokken i Hyttehola rundt 10.0 minusgrader. Det gjorde også at føret var trått, men fleire unge skiløparar stile til start og fullførte. I alt 42 deltakarar var med på det fjerde rennet denne vinteren, på ulike distansar. No står det igjen eitt renn før dei unge skiløparane skal «krone» skicupen med bingo og premiefest i påska.

Frå starten i dei yngste klassene under Sunnylvscupen 9. mars.

Rennet torsdag 9 mars var også klubbmeisterskap / merkerenn for eldre langrennsløparar. Her var ikkje deltakinga alt for stor, men både damer og menn deltok.

Resultat:

Barnehage og 1+2 klasse:

Oliver S. Hole, Aksel S. Hole, Ida Stadheim, Kaspian Stadheim, Vetle Støverstein, Henrik Hole Flo, Leonard Sundgot, Teodor Sundgot, Gabrielle Sundgot, Severin Sundgot, Isabelle Sundgot, Aline F. Hånes, Magnus Ringdal-Tyssen, Inge Ringdal-Tyssen, Sakarias Ringdal, Marius Hole, Kristian Hole.

3. klasse:
Alma Hole Flo (8:21).

4. klasse:
Sofia S. Hole (10:10), Emma Korsbrekke (8:00), Johanna O.H. Røyrhus

5. klasse:
Sofia K. Pacificar, Fredrik Fivelstad Stadheim (11:53), Ane Brenne Ringdal (11:25).

6. klasse:
Tuva Marie Korsbrekke (09:27), Kai Adam Røyrhus (11:37), Jakob F. Hånes (13:29), Siril Kjellstadli 09:40), Therese Støverstein (13:04).

Start 8. klasse og senior

8. klasse:
Ari Kjellstadli (12:46), Marta Friestad, Oskar Ringdal (14:38), Sander S. Hole, Ingeborg Fivelstad Stadheim (15:29).

9. klasse:
Trym Helset(19:18)

 10. klasse:
Johannes Friestad (23:14), Tonje Støverstein.

Merkerenn:
Linn Kammen (20:58), Tarjei Korsbrekke (19:17), Gunhild Kvam (36:30), Lisbeth Lervik Helset (34:47), Gisle Aaland (20:21).

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380