Foreininga Sjøfart og sjøbruk har avlyst møte på Hellesylt.
Avlyst!!
Foreininga Sjøfat og sjøbruk har avlyst det planlagde omvising og møte på Ole Ringdal AS i dag 14 mars. Årsaka er dårleg ver over Sunnmøre.
Møtet med omvising på Ole Ringdal AS kan bli oppsett seinare, får vi opplyst!
Foreininga Sjøfart og sjøbruk kjem til Hellesylt 14. mars. Der blir det besøk på Ole Ringdal AS, og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal informerer og tek alle med på omvising i bedrifta.
Foreininga sitt formål er å samle inn kunnskap og historisk materiale om kva desse fjordane og dei andre sidefjordane til Storfjorden, har hatt å seie som ferdselsåre, kontaktskapar, matfat, attraksjon og transportveg. Både for folket langs desse fjordane og for ein aukande straum turistar. Alle sider ved livet på og i fjorden er det denne foreininga skal interessere seg for. Det innsamla stoffet vert bli presentert på foreininga si heimesida (www.storfjord1.no).
I dag blir fjorden nærast sett på som ei kommunikasjonsmessig hindring, men historisk har fjorden vore eit bindemiddel. Gardane på kvar side av fjorden var næraste grannar, og så godt som all kommunikasjon var basert på sjøverts ferdsel med båt og skip. Naust og båt var eit livsvilkår, og det er verdt å merkje seg at dei fleste husa som vart bygde langs desse fjordane på 1800- og tidleg 1900-talet hadde hovuddøra mot sjøen.
-Tysdag 14.mars kjem foreininga og likesinna på besøk til Ole Ringdal AS. Ole Arnstein Ringdal tek i mot oss kl 18.00 i kantina på fabrikken (inngang nedanfor fabrikken mot sjøen). Han vil fortelje om bedrifta og ta oss med på ei omvising. Dette er ei av dei fire samlingane foreininga arrangerer kvart år. Dette gler vi oss til, det er spennande å høyre om korleis ei slik stor verksemd voks fram langt her inne i fjorden, seier leiar Jarle Sulebust..