Lokalnytt

Fullt hus på vårkonsert.

Sunnylven og Stranda skulekorps.

Heile gymsalen var fylt opp når leiar i Sunnylven skulekorps, Oddbjørg Stadheim, kunne ønske velkommen til vårkonsert fredag kveld. Skulekorpset var for anledninga forsterka med 4 musikantar frå Stranda skulekorps som hadde øvd saman med dei til denne konserten.

Både Oddbjørg og dirigent Trond Otto Berg trekte fram at det var utrulig kjekt å endeleg kunne ha konsert igjen. Det er fleire år sidan det sist har vore mogleg å gjennomføre dette tradisjonelle arrangementet.

Ekstra gledeleg var det at så mange både med og utan tilknyting til korpset kom på konserten. Dette må vere svært inspirerande for unge musikantar.

Konserten starta med Kiss-klassikaren «I was made for loving you» før korpset heldt fram med «Purple lips» og «Highland Cathedral».

Deretter var det dei 4 aspirantane som fekk vise seg fram, og dei viste at det gror godt i korpsmiljøet i Sunnylven. Dei hausta stor jubel frå nærare 100 tilskodarar.

Aspirantar i 2023: frå venstre: Sofia, Johanna, Madeleine og Emma.

Etter kake og kaffipause spelte korpset «Party Rock Anthem» , «Sambalele» og «Spunk» før dei runda av med «I was made for loving you» som ekstranummer.

Trond Otto Berg mottek ei velfortjent blomsterhelsing frå leiar i Sunnylven skulekorps Oddbjørg Stadheim.

Før tilskodarane vart ønskt vel heim fekk Trond Otto blomster frå leiar i skulekorpset som takk for den store innsatsen han legg ned for korpset. Trond Otto er no musikkskulerektor på Vestnes, men reiser likevel til Hellesylt kvar fredag og har øving både med aspirantane og det ordinære korpset.

«Purple lips»

I was made for loving you.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info