Lokalnytt

Gode renn av Elias Helset.

Elias Helset gjekk godt under renn i Markane sist helg.

Elias Helset, Sunnylven IL/Stryn kom på 14. plass under renn i skiskyting ved Markane IL. Seinare under Norgescupen vart det nye, gode plasseringar.

Elias Helset er elev ved Stryn vgs. Som skiskyttar kan han vise til fleire gode resultat, også frå helga 10 – 12 mars under renn med Markane IL der det vart arrangert Norgescup fellesstart.

Fredag 10. mars vart det 14. plass mellom 48 deltakarar i klasse 18 år. Av fire skytingar hadde han resultata 1+0+1+1, same som vinnaren i klassa Tobias Gigstad-Bergene, Skrautvål IL/NTG-G.
I sprint under same renn gjekk det enno betre. Der kom Elias inn til 11. plass, og i mix-stafett var han med på å sikre ein flott 8-plass.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380