Lokalnytt

Husk å stille klokka !

Søndag 26. mars kl. 02.00 skal klokka stillast ein time fram. Då er det sommartid.

Natt til søndag 26. mars blir klokka stilt ein time fram i Norge, til sommartid.

Sommar- og vintertid er eit system der klokka blir stilt ein time fram om sommaren og ein time tilbake om vinteren. Hensikta med dette er å utnytte dagslyset betre, spesielt om sommaren når det er lenger lyst på kveldane.

Den moderne sommartida vart fyrst innført av Tyskland under fyrste verdskrig i 1916 for å spare kol og lys, men systemet blei avskaffa etter krigen. Den blei gjeninnført under andre verdskrig og har sidan blitt brukt i mange land.

I gjeldande forskrift om sommartid skjer overgangen frå normal tid til sommartid for Kongeriket Norge klokka 02.00 siste søndag i mars.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info