Inge Bjørdal attvald som styreleiar i Storfjordens Venner.
Storfjordens Venner har halde årsmøte i Valldal laurdag 25. mars. På årsmøtet vart Inge Bjørdal frå Sunnylven attvald som styreleiar. Arne Furstrand (Sykkylven) vart attvald som nestleiar. Med seg i styret får dei:
Reidun Helsem (Stranda, ikkje på val)
Reidar Furset (Stranda, ikkje på val)
Elin Smoge (Valldal, ikkje på val)
Kristi Linge Stakkestad (Valldal, attval)
Kjell Martin Ringset (Liabygda, ny)