Lokalnytt

Ingemars spelar til dans på grendakveld

Dansebandet Ingemars spelar til dans på grendakvelden på Hellesylt laurdag 1. april.

Til grendakvelden på Hellesylt 1. april har Hellesylt UL hyra inn eit topp danseband, Etter program og servering spelar bandet Ingemars opp for alle danseglade.

 Ingemars er eit norsk danseband fra Hedmark som starta i 1986. Bandet kalla seg i starten X-Pop og Shandys, men endra tidleg namn til Ingemars etter vokalist og gitarist Terje Ingemar Larsson.

Dei første åra spela bandet coverlåter, men frå 90-tallet vart det eigne songer. I 1995 gav dei ut sin fyrste singel, «Ei bygd i Hedmark» og to år seinare singelen «Den gamle grinda». I 1998 vann dei konkurransen årets dansebandmelodi på programmet På dansefot på NRK P1 med «Bre dine vinger» av Thor Wang. Året etter kom dei på andreplass med «Spellemann østpå skogen» av vokalist og bassist Steve Andersson og fikk platekontrakt med Tylden & Co.. Debutalbumet Spellemenn østpå skogen blei gjeve ut samme haust og blei nominert til Spellemannprisen 1999.

Bandet blei tildelt Finnskogprisen i 2005 og vann same år for andre gong årets dansebandmelodi med «Hæffør ska vi slærve og skravle». Ingemars har dessuten vunne dansebandprisen Gullskoen i 2005, 2006 og 2007.

Hausten 2008 ga Ingemars ut sitt fjerde studioalbum, I Finnskogens rike, som selde til gull på ei veke. Albumet vann også Spellemannprisen 2008 i klassen danseorkester.

Legg turen til Hellesylt og grendakveld laurdag 1. april. Der blir det livfull underhaldning med «Sjøarane», servering og dans med seks glade spelemenn i Ingemars.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380